Årdal kommune

Med mektig, urørt natur og kort veg til Jotunheimen nasjonalpark ligg Årdal mellom høge, bratte fjell og djupe dalar, og er antakeleg Noreg sin mest spanande og ukjende boltreplass for friluftslivinteresserte.

Årdal er vertskap for fleire populære festivalar, både musikk- og friluftslivretta, som trekkjer til seg folk frå fjernt og nært.
foto marita opheim
Når du reiser innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du Årdal nasjonalparkkommune.

Teknologi- og innovasjonskommunen Årdal er framtidsretta og har eit stort fokus på innbyggjarane sine, på miljøet og på skaping av nye arbeidsplassar. Å arbeide i Årdal byr på inkludering og varierte stillingar, der arbeidsstadane er dynamiske og tilpassingsdyktige med eit stort fokus på trivsel og mangfald.

Her finn ein alt frå lokale til internasjonale bedrifter som famnar om ny innovasjon og moderne teknologi, samt mange spanande satsingsmoglegheiter innan reiselivsnæringa for den eventyrlystne og ambisiøse.

Kontaktperson: Stig Stark-Johansen - kommunedirektør - Stig.Stark-Johansen@ardal.kommune.no