Wow! Utsikta frå fjellet Kyrkja, midt i hjartet av Jotunheimen, tek pusten frå deg
I Lom ynskjer vi å gje deg eit breitt spekter av opplevingar. Vi ynskjer at du skal kunne nyte fjella og nasjonalparkane kombinert med spennande aktivitetar, god mat og drikke, og ei god seng.

Lom kan tilby ei av dei mest etterspurde varene blant utanlandske turistar – stillheit og ro. Vi fører ein restriktiv politikk mot motorferdsel i utmark, og du vil alltid finne ein plass for å koma vekk frå den stressande kvardagen. Ein lomver nyttar fjellnaturen i sitt daglege liv; gjennom hausting av utmarksressursar og aktivt uteliv. Vidare legg vi vekt på bruk av fjellet på andre måtar; naturbasert reiseliv, tradisjonelt reiseliv og nye uteaktivitetar – så vel i barnehage og skule, som i eldreomsorg og ved kyrkja sine fjellmesser utandørs. Vi ønskjer at friluftsliv skal vera for alle og vil vise kva friluftslivet har å seia for å fremja ei god helse og auka trivsel. Stikkord er naturglede og felles opplevingar.

Kontaktperson: Åshild M. Amundsen, næringssjef Ashild.Amundsen@lom.kommune.no