Vinje kommune

Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.

Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er sentra i attraktive turistområde, der ein av landets mest omfattande hytteutbygging har funne stad gjennom fleire år.

Kommunens nettside

Hardangervidda nasjonalpark

Midt mellom Oslo og Bergen, i foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie

Eit sterkt næringsliv er ein del av fundamentet for eit levedyktig og godt lokalsamfunn. Dei mange små verksemdene i kommunen vår utgjer ein hjørnestein i Vinje. Kommunen satsar difor på næringsutvikling

Kontaktperson: Knut Martin Edland - næringssjef - knut.martin.edland@vinje.kommune.no

Bli kjend med Vinje nasjonalparkkommune