Ny webinarserie skal styrkje integrering av naturomsyn på tvers av sektorar: Sirkulær økonomi

02Juni14:0015:30Ny webinarserie skal styrkje integrering av naturomsyn på tvers av sektorar: Sirkulær økonomi

Arrangementsdetaljer

Sekretariatet for Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) lanserer våren 2026 ein ny webinarserie kalla Communities of Practice, med mål om å styrkje integreringa av omsyn til naturmangfald innanfor og på tvers av samfunnssektorar.

Webinarserien følgjer opp eit vedtak frå FNs naturtoppmøte i Colombia (2024), der partane bad sekretariatet leggje til rette for erfaringsutveksling og samarbeid mellom sektorar om såkalla mainstreaming av naturmangfald. Initiativet er meint å støtte gjennomføringa av Naturavtalen.

Erfaringsutveksling mellom sektorar

Føremålet med serien er å dele erfaringar, beste praksis, eksisterande verktøy og innovative løysingar for korleis naturmangfald kan integrerast betre i avgjerder og verkemiddel innanfor ulike sektorar. Webinarserien skal mellom anna bidra til å synleggjere samanhengar mellom politikk for natur, klima og berekraftig utvikling.

Målgruppa er brei og inkluderer partar til konvensjonen, andre styresmakter, urfolk, lokalsamfunn, kvinne- og ungdomsorganisasjonar, regionale og lokale styresmakter, samt relevante aktørar frå sivilsamfunn, nettverk og privat sektor.

Planlagde tema våren og sommaren 2026

Webinarserien blir gjennomført i perioden mai–september 2026, med eigne sesjonar retta mellom anna mot:

  • Sirkulær økonomi (14. mai 2026) – Les mer om webinaret
  • Gruvedrift (26. mai 2026)
  • Finans (2. juni 2026)
  • Fiskeri (9. juni 2026)
  • Skogbruk (16. juni 2026)
  • Reiseliv (datoar blir fastsette seinare)
  • Handel (datoar blir fastsette seinare)
  • Jordbruk (september 2026)

Endelege datoar og nærare skildringar av kvart einskild webinar vil bli oppdatert fortløpande.

Les mer om webinarserien

Tidspunkt

2. Juni 2026 14:00 - 15:30(GMT+02:00)

Velkommen til verktøykassen til Norges nasjonalparkkommuner!

Nasjonalparkkommunene har en viktig rolle i at Norge innfrir mål og forpliktelser i Naturavtalen. Det krever samarbeid på tvers av sektorer og mellom kommuner. Derfor er verktøykassen åpen og kan brukes av alle.

Dette finner du i verktøykassen

  • Maler og verktøy til nasjonalparkkommunestatusen – søknader, handlingsplaner, rapportering med mer

  • Tiltak og aktiviteter – eksempler fra nasjonalparkkommuner

  • Samarbeidsmodeller – erfaringer fra bred verdiskaping med reisemålsledelse, besøksforvalting, finansiering av fellesgoder, bolyst, trivsel og folkehelse

Slik bruker du verktøykassen

  • Velg et tema i opplistingen til venstre. Du kan også bruke søkefeltet

  • Klikk, les, last ned og finn ut mer – bruk det som passer!

  • Del egne erfaringer og verktøy – sammen bidrar vi til bærekraftige lokalsamfunn rundt Norges nasjonalparker