Fjord

Fjord.kommune nasjonalparkkommune

Velkomen til Fjord kommune – eit eldorado for alle som er glade i natur og friluftsliv både sommar og vinter.

Fjord kommune fekk i mai 2020 status som nasjonalparkkommune. Ein fantastisk natur og godt klima ønskjer deg velkomen. I Fjord ønskjer vi å gje deg eit breitt spekter av opplevingar. Vi ønskjer at du skal kunne nyte fjella og verneområde kombinert med spennande aktivitetar, god mat og drikke og ei god seng.

I og rundt nasjonalparkane er det rom for mange om vi tek omsyn til folk og dyr rundt oss. Nasjonalparkane er det beste av norsk natur. Vernet bidreg til å ta godt vare på landskapet og mangfaldet av dyr og planter. 

Naturopplevingar

Vi har fleire lokalkjende og dyktige guidar som gjerne tek deg med på tur, både sommar og vinter. Eller du kan velje rafting, kajakkpadling m.v.  Du finn meir informasjon på Valldal naturopplevingar sine sider. 

Valldal aktivitetspark er ein familiepark med god plass for klatring og aktivtet. Meir enn 1400 meter med klatreløyper og lange zip-lines gir utfordringar for store og små. 

Tafjord er eit av dei mest nytta startpunkta for turar i Tafjordfjella. Her har DNT Sunnmøre ei rekke hytter – både bemanna og ubemanna.

Kommunen er ein del av Geirangerfjorden verdsarv – Noregs einaste naturvernområde.