Luster

Luster nasjonalparkkommune

Luster kommune ligg der Europas lengste fjord Sognefjorden, møter dei tre nasjonalparkane Jostedalsbreen, Breheimen og Jotunheimen. Luster kommune er ein av dei største kommunane i Sør Noreg, 2700 km2.

Kulturtradisjonar
Kulturlivet i Luster har lange tradisjonar. Luster vart tidleg valt som senter for både nasjonal og internasjonal aktivitet. Heilt attende til 1300-talet er Luster omtala som sete for kongen sitt private sendebod til Island. I fleire hundreår vart Luster og særleg Kroken eit senter for gjester og besøkande frå både inn- og utland. Også i dag er det stor kulturaktivitet i kommunen, både gjennom organisasjonslivet og kulturskulen.

Næringsliv
Jordbruk har tradisjonelt vore den viktigaste næringa i kommunen med kjøt og mjølkeproduksjon. Det har vore generasjonsskifte på mange gardar dei siste åra og ei stor satsing på moderne framtidsretta driftsbygningar. I dag er Luster den største sauekommunen i Sogn og Fjordane, og det er og 11 fjøsar med robotmjølkeanlegg. Fruktdyrkinga har minka, men til gjengjeld har jordbær og særleg bringebærproduksjonen vorte ein betydeleg produksjon. Luster er i dag ein av dei kommunane som leverer mest bringebær i landet.


For natur- og kulturinteresserte er Luster eit eldorado. Reiselivet er difor ei viktig næring, med godt utbygde hotell, gjesteheimar, pensjonat, campinganlegg og hytteutleige. Det er og mange verksemder som tilbyr spennande aktivitetar i naturen både på fjord, bre, fjell og elv.
Det er og stor produksjon av vasskraft i Luster kommune. Dei største anlegga er eigde av Statkraft (Jostedalen) og Hydro (Fortun), men det er etablert mange småkraftanlegg.

I Gaupne er det bygd opp fleire moderne verksemder innafor industriell næring. Største verksemda i kommunen er Avery Dennison NTP AS med 130 tilsette, som utviklar og produserer merke (transfers) for bekledning. I gaupne finn ein og Luster Sparebank og handelssenteret Pyramiden.
Luster satsar på å vere ein aktiv part i utviklinga av næringslivet i kommunen, og har lagt til rette med næringsareal. I tillegg kan etablerarane nyte godt av næringsfondet som er bygd opp etter dei mange og store kraftutbyggingane i kommunen.