Nynorsk Pressekontor v/Peter Skjelten har skrevet en artikkel som handler om skvisen mellom vern og verdiskaping i kommuner med nasjonalpark og områder der det kanskje skal bli nasjonalpark. I artikkelen uttaler styreleder Ellen Schjølbergs seg om at det er behov for «gulrøtter» og økonomiske virkemidler.
Artikkelen er gjengitt under:
Nasjonalparkar skal lokke til seg reiselivskroner
Fleire kommunar har sagt nei til å få nasjonalparkar i sine område, trass i at vi treng å verne meir av naturen. Samtidig står norske nasjonalparkar i eit spenn mellom naturvern og reiselivsutvikling.
Noreg har 48 nasjonalparkar som utgjer den største delen av verna areal i landet, men få forslag til nye nasjonalparkar blir gjennomførte.
I 2021 la Miljødirektoratet fram forslag til fire nye nasjonalparkar; Sunnmørsalpane i Ørsta kommune, Hornelen i Bremanger kommune, Masfjordfjella i Alver og Masfjorden kommunar, Øystesefjella i Kvam, Samnanger og Vaksdal kommunar. Ingen av desse er førebels blitt noko av.
Gjennom FNs naturavtale har alle land forplikta seg til å verne 30 prosent av naturen på land og i havet. Noreg har 48 nasjonalparkar, som utgjer den største delen av verna areal her i landet. Men framleis er berre 17,6 prosent av norske landareal verna.
Det meiner Arnodd Håpnes i Naturvernforbundet er for dårleg.
– Vern er den beste måten å ta vare på artar, natur og økologiske prosessar. Noreg har teke på seg eit stort ansvar. Vi skal vere ein del av verdsdugnaden for å stanse naturtap, men mange kommunar set ned foten for vern og gjer det vanskeleg for Noreg og verda å nå 30 prosent-målet, seier Arnodd Håpnes til Nynorsk pressekontor.
Samtidig som nye nasjonalparkar er eit godt tiltak for å verne meir natur, speler tilrettelegging for reiselivet ei viktig rolle i forvaltinga.
Misforstår vern
I 2013 fekk Miljødirektoratet i oppdrag å lage ein merkevare- og kommunikasjonsstrategi for nasjonalparkane medrekna nasjonalparksenter, naturinformasjonssenter, kompetansesenter, nasjonalparklandsbyar og -kommunar.
Strategien skulle gi nasjonalparkane ein tydeleg posisjon i marknadsføringa av Noreg som berekraftig reisemål og å skape grunnlag for brei, lokal verdiskaping.
Seniorrådgjevar Hege Husby Talsnes i verneområdeseksjonen i Miljødirektoratet seier balansen mellom «børs og katedral» er vanskeleg.
– Det er først dei siste åra vi har sett den enorme auken i turistar som ikkje er førebudde på å vere i norsk natur. Vi jobbar med kommunikasjon om sikkerheit, men vi må nå ut med denne informasjonen før dei tek seg ut i naturen. Uansett er all menneskeleg ferdsel slitasje, og då må vi kanalisere den dit det kan tolast, seier Husby Talsnes til Nynorsk pressekontor.
Merkevarestrategien skulle òg styre bruken av nasjonalparkane slik at opplevinga for dei besøkande og verdiskapinga lokalt blei størst mogleg, og forståinga for vern auka. Likevel skal det kartleggjast kor mykje kvar enkelt nasjonalpark toler av menneskeleg aktivitet, utan at det går på kostnad av naturen, fortel Husby Talsnes i Miljødirektoratet.
– Det skal liggje ei forsvarleg besøksforvalting i grunn for nasjonalparkane. Før merkevarestrategien blei innført, var det for dårleg planlagt. Det var lite dialog mellom reiseliv, grunneigarar og naturforvalting.
Ho trur enkelte kommunar misforstår kva vern betyr.
– Nokre har ei frykt for at nasjonalpark-statusen, vil tiltrekke seg meir folk og meir slitasje, og krev meir tilrettelegging. Utan god besøksforvaltning kan ein nasjonalpark skape friksjon mellom besøkande, lokalbefolkning, grunneigarar og andre interessentar. I dei fleste tilfelle er det ikkje vond vilje frå nokon, men det fungerer ikkje i praksis. Uansett er det verneverdiane for eit område som skal vektast høgst – det er heile grunnlaget for vernet.
Merkevarestrategien har eksistert i ti år, og er no til evaluering.
Står i spenn
Kommunar med nasjonalpark kan søkje om å bli med i foreininga Noregs Nasjonalparkkommuner (NPKL), som har som mål å stimulere og bidra til brei, lokal verdiskaping og næringsutvikling, med grunnlag i merkevara Noregs nasjonalparkar.
For å få status som nasjonalparkkommune må kommunen oppfylle visse kriterium, men står ofte i eit spenn mellom å leggje til rette for reiseliv og å ta vare på naturverdiane.
På den eine sida skal kommunen bidra til lokal verdiskaping, men også ha eit ansvar for å sikre at naturverdiane ikkje blir trua av for stor menneskeleg aktivitet.
Styreleiar Ellen Schjølberg i NPKL meiner nasjonalpark-kommunar kan ha ei økonomisk gulrot. Samtidig er det stor variasjon frå område til område om det blir lagt til rette for naturvern eller reiseliv.
– Mange turistar vil vere nøgde med å besøkje innfallsporten til ein nasjonalpark, og kanskje gå ein kort tur i området. Vi ønskjer primært at folk skal oppleve nasjonalparkkommunane, og stadane der det er eit kassaapparat – og det er utanfor nasjonalparken, men at dei òg skal kunne sjå inn i nasjonalparken og gå inn, om dei vil.
Negative til reiselivskrav
Nasjonalparkar skal ikkje berre etablerast grunna vern, det er plass til næringsverksemd òg. Men skånsam og sporlaus ferdsel er viktig, seier Håpnes i Naturvernforbundet.
– Naturvernforbundet vil at nasjonalparkane skal vere tilgjengelege slik at folk kan oppleve den fantastiske naturen. Det skal vere mogleg for næringsliv, reiseliv og kommunar å tene pengar på at det er nasjonalpark i kommunen, men på premissane til naturen.
Han er negativ til at det blir stilt for store krav og forventningar til å legge til rette for reiselivsopplevingar i nasjonalparkane og meiner miljøstyresmaktene lokkar kommunane ved å pakke inn kommersialisering.
– Det er ikkje det Naturvernforbundet ønskjer nasjonalparkar og naturvern skal vere. Vi legg vekt på naturverdiane og artsmangfaldet. Om det kjem moglegheiter for kommunane til å tene pengar utan å skade naturvernverdiane, så er det bra, men det kan ikkje ta fokuset vekk frå naturvernet. Om inntekter blir salsargument frå miljøstyresmaktene, er det ei fallitterklæring frå dei, seier Håpnes.
Naturvernforbundet ønsker heller at det skal kome økonomiske insentiv som følgje av at ein kommune får nasjonalpark i sitt område.
– Det er for å sikre at kommunane og private skal få erstatning for areal. I dag er det småpengar mot kva som må til for å møte forpliktingane vi har som nasjon for å sikre natur, seier Arnodd Håpnes.