Nytt skilt ved Olavskjelda i Fjord nasjonalparkkommune
Eit av dei nye skilta ved Olavskjelda. Foto: Kristi Linge Stakkestad

Fakta om Fjord nasjonalparkkommune

  • Fjord kommune ligg på Sunnmøre i Møre og Romsdal og har rundt 2 500 innbyggjarar og eit areal på 1 191 km²
  • Kommunen fekk status som nasjonalparkkommune i mai 2020.
  • Delar av Reinheimen nasjonalpark og Geirangerfjorden verdsarvområde ligg i kommunen.
  • Valldalsleden startar i Valldal og går gjennom Reinheimen på veg mot Nidaros.
  • Strekninga Geiranger–Trollstigen er ein nasjonal turistveg som går gjennom kommunen, mellom anna forbi Gudbrandsjuvet.

 

Slik brukte Fjord kommune nasjonalparkkommuneprofilen på informasjonsskilt langs Valldalsleden

Type: Case-historieTema: Grafisk profil og kommersielt merke, Kommunikasjon, Skilt, Status som nasjonalparkkommune

Publisert: 16.10.2026 Oppdatert: 16.10.2026

Oppsummert: Då Fjord kommune skulle setje opp nye informasjonstavler ved Olavshellaren og Olavskjelda langs Valldalsleden brukte kommunen nasjonalparkkommuneprofilen på lokale skilt. Kristi Linge Stakkestad i Fjord kommune, fortel korleis kommunen gjekk fram, og kva andre nasjonalparkkommunar kan lære av arbeidet.

Kontaktperson

Kristi Linge Stakkestad

Folkehelse, frivilligsentral og kultur, Fjord kommune

To nye informasjonstavler langs Valldalsleden

Olavshellaren og Olavskjelda er to kulturminne på Alstad i Valldal. Dei ligg nær kvarandre, rundt 600 meter til fots frå Gudbrandsjuvet. Her har Fjord kommune sett opp to nye informasjonstavler som fortel historiene om stadene på norsk og engelsk. Tekstane er henta frå boka Heilag-Olav i Valldal av Astor Furseth.

Gjennom bilete og korte tekstar blir kulturminna sette inn i ein større samanheng. Tavlene formidlar også historia om Valldalsleden og viser samanhengen med kulturlandskapet, Gudbrandsjuvet og Reinheimen nasjonalpark.
Kristi Linge Stakkestad har følgt arbeidet med informasjonstavlene, frå vurderinga av profil og utforming til dei ferdige tavlene i terrenget.

– Då vi skulle lage dei nye skilta, tok vi utgangspunkt i designmanualen for Norges nasjonalparker og retningslinjene for sambruk av kommunelogo og merkevara Norges nasjonalparker, seier ho.

Sjå retningslinjene for sambruk av kommunelogo og merkevara Norges nasjonalparker (Miljødirektoratet sine nettsider).

Kristi Linge Stakkestad i Fjord kommune. Foto: Privat.

Tilpassa eit eksisterande skilt med nasjonalparkkommuneprofilen

Utforminga av dei nye skilta byggjer også på eit eldre informasjonsskilt ved Korsbrekka langs Valldalsleden. Dette skiltet var laga med utgangspunkt i skilt innanfor Geirangerfjorden verdsarvområde.

– På dei nye skilta ved Olavshellaren og Olavskjelda heldt kommunen på det kjende skiltuttrykket, men tilpassa avsendarprofilen til staden og formålet, seier ho vidare.

Sidan kulturminna ligg utanfor Reinheimen nasjonalpark, på den andre sida av dalen frå nasjonalparkgrensa, valde kommunen å bruke nasjonalparkkommuneprofilen framfor nasjonalparken sin profil. Kommunelogoen og nasjonalparkkommunelogoen vart samla øvst til venstre på skilta. Logoen til Pilegrimsleden fekk ei eiga plassering nedst til høgre. Slik blir det tydeleg at Fjord kommune er hovudavsendar, samtidig som tilknytinga til både nasjonalparkkommunen og Pilegrimsleden kjem fram.

– Vi valde å bruke logoen til Fjord nasjonalparkkommune for første gong på dei nye skilta, fortel Kristi.

Skilta

Logoen til Fjord kommune og logoen til Fjord nasjonalparkkommune er samla øvst til venstre på begge skilta. Logoen til Pilegrimsleden står separat nedst til høgre.

Last ned skilta her (PDF, 2 sider)

Meir enn informasjon til dei besøkande

Bruken av nasjonalparkkommunelogoen handlar også om meir enn å informere besøkande. Når kommunen gjer statusen som nasjonalparkkommune synleg på stader der folk ferdast, kan det styrkje kjennskapen til kva det inneber å vere nasjonalparkkommune.

– Det kan også bidra til lokal tilhøyrsle og stoltheit over natur- og kulturverdiane kommunen forvaltar. Vi er veldig nøgde med dei nye skilta, legg ho til.

Kommunen diskuterte bruken av logoen med Norges nasjonalparkkommuner. Eit lokalt firma stod for utforming og produksjon av informasjonstavlene.

Dette kan andre nasjonalparkkommunar ta med seg

Eksempelet frå Fjord viser at nasjonalparkkommuneprofilen også kan brukast på stader utanfor sjølve verneområdet. Han kan synleggjere samanhengen mellom nasjonalparken og lokale kulturminne, ferdselsårer, naturområde og opplevingar.

Når fleire aktørar skal vere synlege på same skilt, bør det kome tydeleg fram kven som er hovudavsendar, og kva dei andre representerer. Ei gjennomtenkt plassering av logoane gjer skiltet lettare å forstå.
Erfaringa frå Fjord kommune viser også at det er mogleg å byggje vidare på ei eksisterande skiltutforming, så lenge innhaldet, avsendarprofilen og monteringa blir tilpassa staden.

Synleg bruk av nasjonalparkkommunelogoen kan samtidig styrkje kjennskapen til kommunen sin status og bidra til lokal tilhøyrsle og stoltheit. Dette støttar opp under målet til Fjord kommune om å vere synleg som nasjonalparkkommune og om at nasjonalparken skal vere ei merkevare innbyggjarane er stolte av og tek vare på.

Slik gjekk Fjord kommune fram

1) Avklarte staden, formålet og rammene

Kommunen vurderte kva tavlene skulle formidle, kvar dei skulle stå, og kva tilknyting stadene har til Valldalsleden, Reinheimen nasjonalpark og kommunen sin status som nasjonalparkkommune.

Før nye skilt blir sette opp, bør kommunen også avklare kven som eig grunnen, kva løyve som krevst, og om plasseringa er omfatta av eigne reglar. Skilting langs offentleg veg bør avklarast tidleg med skiltstyresmaktene.

2) Skaffa finansiering

Skilta vart finansierte med tilskotsmidlar til kulturmiljø og friluftsliv frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

3) Valde avsendarprofil

Kommunen valde nasjonalparkkommuneprofilen fordi kulturminna ligg utanfor Reinheimen nasjonalpark. Dei avklarte også kven som skulle vere hovudavsendar, kva andre aktørar som skulle vere synlege, og korleis logoane skulle plasserast.

4) Tilpassa ei eksisterande skiltutforming

Skiltdesignet frå Korsbrekka vart vidareutvikla og tilpassa dei to kulturminna. Kommunen tok utgangspunkt i designmanualen for Norges nasjonalparker og retningslinjene for sambruk av logoar. Dei henta også inn råd om bruken av logo. Eit lokalt firma stod for utforminga og produksjonen.

5) Tilpassa innhaldet på skilta til dei besøkande

Tavlene fekk norsk og engelsk tekst, bilete og korte bilettekstar. Ein QR-kode fører vidare til meir informasjon om Pilegrimsleden.

Kommunen vurderte kva dei besøkande treng å vite på staden, og kva det er meir formålstenleg å formidle digitalt.

6) Tilpassa tavlene til terrenget

Informasjonstavlene er plasserte langs grusveg og sti i eit frodig skogsterreng. Dei er låge og skråstilte, slik at informasjonen kan lesast på staden utan at tavlene blir for dominerande i omgjevnadene.

Den eine tavla er montert på to stolpar med fundament i bakken. Den andre er festa med metallstøtter til ein stor stein. Slik vart monteringa tilpassa forholda ved kvart av kulturminna.

Ei av infotavlane med fundament i bakken. Foto: Kristi Linge Stakkestad

7) Følgjer opp skilt og stiar

Arbeidet sluttar ikkje når tavlene er sette opp. Skilt, merking og stiar langs Valldalsleden må følgjast opp og haldast ved like.

Kristi trekkjer fram innsatsen frå frivillige som ryddar skog og stiar og melder frå dersom skilt manglar eller noko anna må utbetrast. Ved tilsvarande tiltak bør kommunen tidleg avklare kven som skal kontrollere, vedlikehalde og eventuelt oppdatere skilta.

Ny infotavle ved Olavshellaren.
Ny infotavle ved Olavshellaren. Foto: Kristi Linge Stakkestad

Secret Link

Velkommen til verktøykassen til Norges nasjonalparkkommuner!

Nasjonalparkkommunene har en viktig rolle i at Norge innfrir mål og forpliktelser i Naturavtalen. Det krever samarbeid på tvers av sektorer og mellom kommuner. Derfor er verktøykassen åpen og kan brukes av alle.

Dette finner du i verktøykassen

  • Maler og verktøy til nasjonalparkkommunestatusen – søknader, handlingsplaner, rapportering med mer

  • Tiltak og aktiviteter – eksempler fra nasjonalparkkommuner

  • Samarbeidsmodeller – erfaringer fra bred verdiskaping med reisemålsledelse, besøksforvalting, finansiering av fellesgoder, bolyst, trivsel og folkehelse

Slik bruker du verktøykassen

  • Velg et tema i opplistingen til venstre. Du kan også bruke søkefeltet

  • Klikk, les, last ned og finn ut mer – bruk det som passer!

  • Del egne erfaringer og verktøy – sammen bidrar vi til bærekraftige lokalsamfunn rundt Norges nasjonalparker