Utsikt fra Årdalstangen

Årskonferanse i Årdal

Frå 3. til 5. juni 2025 samlar nasjonalparkkommunene seg i vakre Årdal for den årlege konferansen i regi av Norges nasjonalparkkommuner (NPKL). Årets tema er besøksforvaltning – og korleis kommunane kan balansere verdiskaping og vern i møte med auka turisme og klimaendringar.

Årdal ynskjer velkommen til årskonferansen for Norges nasjonalparkkommuner 2025

Skrevet av Rita Iren Horsdal. Publisert 3. juni 2025

Årdal kommune, som ligg ved inngangsporten til Jotunheimen nasjonalpark, står som vertskap for konferansen. I tillegg til faglege foredrag og diskusjonar, får deltakarane oppleve spektakulær vestlandsnatur, lokal industrihistorie og kultur.

Konferansen opnar tysdag 3. juni med innlegg frå mellom andre ordførar Christian Sønstlien, Hydro Aluminium, tidlegare statssekretær Alexander Øren Heen og forskarar frå Vestlandsforsking og UiT. Tema som industri og bærekraft, turismens utfordringar og digital besøksforvaltning står på programmet.

Onsdag vert det vidare fagleg program i Årdal Teknologipark før deltakarane tek turen til Utladalen for guida vandringar til Avdalen og utsiktspunktet over Vettisfossen. Alternativt kan ein utforske nasjonalparksenteret og delta i kunst- og lydprosjekt i naturen.

Torsdag 5. juni rundast konferansen av med årsmøte i NPKL, strategipresentasjon og politiske diskusjonar før heimreise.

Konferansen samlar over 50 personar frå medlemskommunar, forvaltarar, forskarar og reiselivsaktørar frå heile landet, og legg til rette for samarbeid og felles innsats for ei berekraftig utvikling i og rundt nasjonalparkane våre.

    Facebook
    Twitter
    LinkedIn

    Velkommen til verktøykassen til Norges nasjonalparkkommuner!

    Nasjonalparkkommunene har en viktig rolle i at Norge innfrir mål og forpliktelser i Naturavtalen. Det krever samarbeid på tvers av sektorer og mellom kommuner. Derfor er verktøykassen åpen og kan brukes av alle.

    Dette finner du i verktøykassen

    • Maler og verktøy til nasjonalparkkommunestatusen – søknader, handlingsplaner, rapportering med mer

    • Tiltak og aktiviteter – eksempler fra nasjonalparkkommuner

    • Samarbeidsmodeller – erfaringer fra bred verdiskaping med reisemålsledelse, besøksforvalting, finansiering av fellesgoder, bolyst, trivsel og folkehelse

    Slik bruker du verktøykassen

    • Velg et tema i opplistingen til venstre. Du kan også bruke søkefeltet

    • Klikk, les, last ned og finn ut mer – bruk det som passer!

    • Del egne erfaringer og verktøy – sammen bidrar vi til bærekraftige lokalsamfunn rundt Norges nasjonalparker