Luster kommune har ein stolt naturarv som femner om alt frå frodig vestnorsk fjordlandskap med edellauvskogar, til det golde landskapet kring brear og tindar – mange godt over 2000 meters høgde.
Kommunen har heile 14 verneområde som ligg heilt eller delvis innafor kommunegrensa, med tre nasjonalparkar, sju naturreservat, tre landskapsvernområde og eitt fuglefredingsområde.
Kontaktperson: Åshild Ekrene, fagansvarleg landbruk og natur ashild.ekrene@luster.kommune.no