Ullensvang kommune

Ullensvang er Noregs Friluftshovudstad! Kor enn du er i kommunen, vil du vera nær ei stor oppleving i fri luft. Her er alt lagt til rette for både det nære og det spektakulære friluftslivet, og vegen til dei minneverdige naturopplevingane er kort. Uansett om du går til dei høgaste toppane eller sitt på ein benk ved fjorden, kjem du tett på naturen og opplevingar som blir med deg vidare i livet.

Ullensvang har dessutan status som nasjonalparkkommune, og husar både Folgefonna og Hardangervidda nasjonalpark. I tillegg er Jondal er ein av Noregs fem nasjonalparklandsbyar, og er eit godt vertskap for natur- og kulturopplevingar.
Jondal nasjonalparklandsby: kort avstand frå fjord til fonn er den raude tråden i naturopplevingane. Du byrjar dagen på breen og endar i kajakk eller ved bålet i fjøra om kvelden

Folgefonna nasjonalpark; beveg deg frå lune fjordarmar, gjennom opne dalar med fossande elver, forbi blågrøne brefall og opp på høgfjellet med utsyn over platåbreen Folgefonna.

Hardangervidda: Nord-Europas største høgfjellsslette som framstår som eit massivt og uendeleg landskap beståande av urørt natur.

Kontaktperson: "Elisabeth Tveit - saksbehandler - elisabeth.tveit@ullensvang.kommune.no